Skrivehalvtimen

Skal du i gang med å skrive oppgåve? Lurer du på korleis du går frå tema til problemstilling? Gjer du gode nok søk? Har du god struktur og flyt i teksten og i avsnitta du skriv? Bruk Skrivehalvtimen.

Kven treff du?

På Skrivehalvtimen treff du skriverettleiarar som gir råd om skriving og tekstarbeid til studentar som er, eller skal, i gang med skrivearbeid. 

Du finn Skrivehalvtimen i andre etasjen på Kronstad, onsdagar kl. 12.30-16.

 

Kva skjer i Skrivehalvtimen?

Skrivehalvtimen begynner med å definere kva du treng hjelp med. Ta med nokre idear, ei skisse, eller eit utkast av ein tekst du jobbar med. Du kan òg kome med konkrete spørsmål relatert til skrivearbeidet. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å kome vidare med oppgåva di.

Skrivehalvtimen er ei stikk innom-teneste, berre kom innom. Tenesta varer inntil ein halvtime. Du er velkomen til å oppsøke Skrivehalvtimen fleire gongar.

- Vi ser fram til å treffe deg og lese det du skriv.