Skriveverkstader

Skriveverkstadene er lagt opp med presentasjon av dagens tema med eksempel henta frå tidlegare studentoppgåver frå aktuelle fagmiljø, og viktigast, skrivearbeid med eigen tekst.

Vi tilbyr fem ulike verkstader:

Prosjektskisse

Kva kjenneteiknar ei god prosjektskisse? Korleis førebur du oppgåva di frå bakgrunn, tema, og teoretisk perspektiv til problemstilling og forskingsspørsmål? Målet med prosjektskissa er å førebu deg på vidare utvikling av oppgåva du skal i gang med. Ei god prosjektskisse kan fungere som utgangspunkt for struktur i vidare tekstarbeid.

Disposisjon / struktur

Disposisjon, eller struktur, er skjelettet i oppgåva du skal skrive. Her går vi inn på kva ein god disposisjon er, og korleis strukturen i oppgåva er med på å kommunisere med lesaren og bygge opp forventingar til nettopp din tekst.
Vi tar utgangspunkt i generelle empirisk strukturerte oppgåver.

Litteraturgjennomgang

Litteraturgjennomgang er din introduksjon til tema og her viser du kor du står i høve til forskinga du skal i gang med og korfor du har valt ut akkurat desse sentrale forskarane og teoriane deira.

Poenget med litteraturgjennomgang er å synliggjere korleis du kommuniserer med forskingsfeltet og korleis det du skal i gang med bidrar til å utvide feltet.

Tida til eiget arbeid blir brukt både til informasjonssøk i djupna og til å skissere kva du skal ta for deg i litteraturgjennomgangen din.

Metode

Metoden er framgangsmåten du bruker for innsamling og handtering av datamaterialet ditt. Korleis kan du på best måte gå fram for å finne svar på problemstillinga di? Vil du bruke intervju eller observasjon, eller skal du samanlikne tekstar? Aktuelle framgangsmåtar blir presentert, og du får jobbe meir med å utarbeide ei skisse til metodedelen i teksten din.

Eit godt metodekapittel gir ein ryddig presentasjon av datamaterialet ditt. Her skriv du òg om etiske retningslinjer og om eventuelle metodiske svakheiter.

Argumentasjon

Store delar av akademiske tekstar byggar på diskusjonar og argumentasjonar. Kurset i argumentasjon vil vere med på å synliggjere problemstillinga di og hovudargumentasjonane du tar for deg i oppgåva.

Kva er premissa for forskinga di? Kven argumenterer du på vegne av og korleis gjer du det? Kva er det faglege formålet med oppgåva di?

Vi jobbar med å kjenne att ulike typar argumentasjon både i eigen tekst og i andre sine tekstar.