
Dykkerutdanninga
Dykkerutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er aleine i Noreg om å tilby fagskuleutdanning med formelle eksamenar for dykkarar og dykkarpersonell. Hos oss kan du ta eittårig utdanning som yrkesdykkar, eller kurs av kortare varigheit, til dømes i redningsdykking.
Den eittårige yrkesdykkarutdanninga er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar. Erfaring frå dykking er ikkje nødvendig for å få plass på utdanninga, men det er ein fordel å ha relevant fagutdanning og/eller yrkeserfaring.
Innan yrkesdykking kan vi òg tilby kurs av kortare varigheit (etterutdanning) og meir omfattande fagskuleutdanning med formelle eksamenar (vidareutdanning).