FHS8201 Pedagogisk rettleiing - innføring

Course description for academic year 2021/2022

Contents and structure

I dette emne skal studentane tileigne seg inngåande forståing for teoriar og metodar for veiledning i praksis, med tverrprofesjonelt og mangfaldsperspektiv. Aktuelle problemstillingar og utfordringar frå eigen arbeidspraksis er utgangspunkt for refleksjon over erfaringar i veiledning. Sentrale tema er dialog med grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon og relasjon, og etikk i veiledning.  Målgruppa er profesjonsutøvarar innan helse- og sosialfag, med ansvar for veiledning av studentar / kollega. Emnet er samlingsbasert / 7 dager og går over eit semester. 

Innføring i veiledningspedagogikk tar utgangspunkt i UHR sine veiledande retningsliner for utdanning og kompetansevurdering av praksisveiledere. Emnet dekkjer teoridelen for fagorganisasjonar sine krav til klinisk godkjenning som veileder. Studiet blir gjennomført i Haugesund, Stord, Bergen og Førde, og kan vere valemne i relevante masterutdanningar ved FHS.  

Learning Outcome

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

 Studenten... 

  • har kunnskap om sentral empiri, teori, omgrep og ulike tradisjonar innan veiledning 
  • har inngåande kunnskap om relasjon og kommunikasjon i et veiledningsperspektiv 
  • har kunnskap om læring og læringsprosessar i eit veiledningsperspektiv  
  • har inngående kunnskap om veilederrolla  
  • har inngående kunnskap om veiledar si rolle og funksjon i eit mangfaldsperspektiv i ein fagleg og tverrprofesjonell yrkespraksis 
  • har kunnskap om relevante lover, forskrifter og gjeldande styringsdokument, inkludert forskrift om skikkavurdering 

Ferdigheiter: 

Studenten... 

  • kan planleggje og gjennomføre veiledning innanfor eigen profesjon og på tvers av profesjonar 
  • kan leggje til rette for veiledning og læringsaktivitetar i samsvar med praksisperiodar sine læringsutbyte og arbeidskrav 
  • kan observere veiledningssituasjonar og gi læringsfremjande tilbakemeldingar 
  • kan planleggje og gjennomføre samtale for vurdering av måloppnåing, og føreta løpande skikkavurdering 
  • kan analysere og kritisk reflektere over veiledning som pedagogisk tilnærming 
  • kan bruke ulike veiledningsmodellar og metodar, studentaktive læringsformer og digitale læringsverktøy 
  • kan bruke kunnskap om veiledning i gruppeveiledning 

 Generell kompetanse: 

Studenten... 

  • kan kritisk reflektere over, vurdere og grunngje eiga veilederrolle uavhengig av veiledningskontekst 
  • kan identifisere og analysere utfordringar og etiske dilemma i veiledning, og val av handling 
  • kan bruke veiledningskunnskap i utfordrande samtalar 

Entry requirements

Ingen

Teaching methods

Studiet krev eigenaktivitet og arbeid i grupper. Studentaktive læringsformer vert vektlagt. Studenten utfordrast til å bruke eigne erfaringar og praksiskunnskap i studiet. Praktiske øvingar, observasjon, tilbakemeldingar og refleksjon er sentralt. Undervisninga er samlingsbasert og innlemmer digitale læringsverktøy.  Studentane blir organisert i kollokviegrupper som veileder kvarandre og drøfter veiledningsfaglege tema. HVL nyttar læringsplattformen Canvas.  Det må reknast med ein samla arbeidsinnsats tilsvarande 270 timer.

Course requirements

Følgjande arbeidskrav må være godkjend før studenten får framstille seg til eksamen: 

1. Obligatorisk deltaking på 7 samlingsdagar 

2 Delta i minst 2 kollokviegruppesamlingar med desse tema: den sjølvvalde vitskapelege artikkelen skal presenterast og diskuterast, og veilede kvarandre. 

3. Finne sjølvvald litteratur à 100 sider, av dette skal det være minimum ein forskingsartikkel. Leverast til godkjenning.  

4. Skriftleg individuell reflekterande tekst knytt til veiledningsarbeidet på max 800 ord med forslag til korleis den sjølvvalde litteraturen kan nyttast. Denne oppgåva kan det byggjast vidare på til eksamen. 

Arbeidskrava er gyldige to påfølgjande semester. 

Assessment

Oppgåve

Individuell heimeoppgåve på max 2000 ord 

Vurderingsuttrykk 

Gradert karakterskala A-F 

Ny eksamen

Ved ikkje bestått leverer studenten bearbeida, skriftleg oppgåve til ny eksamen. 

Examination support material

Alle

More about examination support material