Kva er prosjektet «Forskaren i fokus - Charter and Code»?

Forskarkarrierer og forskarmobilitet er viktige satsingsområde for EU i arbeidet for eit attraktivt europeisk forskingsområde (ERA, European Research Area), og også i arbeidet for å sikre eit kunnskapsbasert og konkurransedyktig europeisk næringsliv. For å få dette til, er det avgjerande at det er attraktivt å arbeida som forskar i Europa.

Charter and Code (C&C) er eitt verkemiddel i arbeidet for å gjere det attraktivt å arbeide som forskar: Det grunnleggjande for dette dokumentet er at kvar enkelt forskar skal få høve til å realisera potensialet sitt, og totalt omhandlar C&C 40 ulike prinsipp. Dokumentet omhandlar ansvara og forpliktingane som alle forskarar har, men ikkje minst også ansvaret og forpliktingane som arbeidsgjevarar og finansieringskjelder har, når det gjeld arbeidsvilkår, etiske og profesjonelle aspekt, opplæring, karriereplanlegging og rekrutteringsprosessar.

Arbeidet med C&C er på mange måtar ein bevisstgjeringsprosess for ein organisasjon: Vilkåra til forskarar vert sett på agendaen og gjev arbeidsgjevarar insentiv til kvalitetsarbeid med mellom anna arbeidsvilkåra til forskarar. Slik kan C&C vere eit verkemiddel for å imøtekoma ein del av utfordringane knytte til forskarrekruttering og -mobilitet på nasjonalt og europeisk nivå.

Ved at høgskulen bind seg til eit vedvarande kvalitetsarbeid kring dei premissane og krava som vi finn i C&C, kan vi oppnå utmerkinga HR Excellence in Research Award. Så prosjektet Forskaren i fokus – Charter and Code er rett og slett nemninga for Høgskulen på Vestlandet sitt arbeid med dei 40 prinsippa i C&C for å oppnå HR Excellence in Research Award.

Prosjekteigar for prosjektet er organisasjonsdirektør Tage Båtsvik. Prosjektleiar er seniorrådgjevar Elisabet Veland, som gjerne kan kontaktast på e-post.

Seniorrådgivar
Høgskulen på Vestlandet