Forskarskular
Gjennom samarbeid med nasjonale og internasjonale forskarskular har HVL tilbod om tilknyting til forskarskular for kandidatar i ph.d.-programma.
Nokre forskarskular er organisert kring tematiske og tverrfaglege felt, medan andre spring ut av eitt fagfelt. Forskarskulane skipar til aktivitetar som t.d. ph.d.-kurs, seminarrekker og forelesingar.
Ved å delta i forskarskular får kandidatane tilgang til eit større nettverk av andre ph.d.-kandidatar og rettleiarane deira, og forskarskulane fungerer som møteplassar for idéutveksling, fagleg oppfølging og nettverksbygging. Deltaking i forskarskular gjev ph.d.-kandidatane høve til å presentera eigne arbeid, og få tilbakemelding frå ei større gruppe forskarar.
Sjå oversikt over forskarskular for dei ulike ph.d.-programma: