Kvalitet i utdanning - ein studie av barnehagelærarutdanninga i Noreg

Ph.d.-prosjektet har som mål å sjå på kven som definerer kva kvalitet er i norsk barnehagelærarutdanning samt sjå på i kva grad lokale kontekstar påverkar kvalitetsomgrepet i utdanninga.

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag

Prosjekttype

Ph.d.-prosjekt

Prosjektperiode

Januar 2017 - Desember 2020

Prosjektsamandrag

Kvalitet er eit vanskeleg omgrep, ikkje berre når det kjem til høgare utdanning. Likevel så er kvalitet tilstade på dagsorden gjennom mellom anna dei styringsdokumenta som utdanningsinstitusjonane må forholde seg til frå statlege styringsmakter.

Men kva skjer når ein lovfester gjennom forskrifter at ei utdanning skal ha høg kvalitet? Veit alle kva høg kvalitet er?

Det er ei kjennsgjerning at i det sentralt utforma politikk skal setjast ut i livet på lokalt nivå er det avgjerande for resultatet i kva grad politikken er klår med tydelege retningslinjer, eller vag med få retningslinjer. Ein vagt utforma politikk vil i stor grad kunne bli påverka av konteksten den skal fungere i, medan ein detaljregulert politikk ikkje i like stor grad tek farge av konteksten.

Prosjektet tek sikte på å sjå i kva gradB det eksisterer ei felles forståing av kvalitet i norsk barnehagelærarutdanning, og i så tilfelle kven som er opphavet til denne definisjonen. Den andre delen av prosjektet er å sjå nærare på dei lokale utdanningsinstitusjonane og korleis dei ser på kvalitet både som omgrep og meir praktisk korleis dei arbeider med det i praksis. Tanken er at dette skal kunne danne eit bilete av om kva kvalitet i norsk barnehagelærarutdanning er.

Rettleiarar: