Friluftsliv

Bachelor Hausten 2020

Bachelor i friluftsliv er ei utdanning for deg som ønsker å jobbe med menneske i naturen. Du vil få kunnskap og ferdigheiter til å formidle natur- og meistringsglede til ulike grupper i samfunnet på ein sikker måte.

Campus Sogndal ligg tett på fjord og fjell med Sognefjorden og nasjonalparkane Jotunheim, Breheimen og Jostedalsbreen som næraste nabo. Nærheita til naturen gjer at vi driv kortreist og variert friluftsliv. Utdanning gjev brei erfaring frå varierte naturtypar til ulike årstider, med fordjuping i aktivitetar som nordisk og alpin skiferdsel, klatring, havkajakk og brevandring.

Gjennom studiet blir du ein trygg vegleiar som kan gi gode naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar. Kort veg til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i utdanninga.

Gjennom studiet lærer du:

  • å planlegge og gjennomføre turar i ulike miljø (padling, klatring, ski, bre og fotturar)
  • å tilpasse turar for ulike grupper og evner
  • grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv sommar og vinter
  • om teoretisk perspektiv på friluftslivets historie, friluftsliv i dagens samfunn, naturfilosofi, friluftslivspedagogikk og -forvaltning.
  • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver

Det første studieåret utgjer årsstudium i idrett. Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller anna relevant utdanning, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom teoretisk undervisning og praktisk aktivitet, med forelesingar, ekskursjonar, prosjekt- og gruppearbeid, individuelle oppgåver, individuell rettleiing og praksis. Det blir lagt vekt på studentaktiv læring og eigeninnsats.

Praksis

Studiet inneheld ein praksisperiode. To veker 2. studieår som er knytt til friluftslivsundervisning i skulesamanheng og bruk av friluftsliv i institusjonssamanheng knytt til fysiske- og psykiske helseutfordringar.

Vil du studere meir?

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 6. semester.

Kor kan du reise?