Idrett, fysisk aktivitet og helse

Bachelor, hausten 2019

Vil du jobbe som idrettspedagog eller treningsrettleiar? Bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse har ein helsefagleg profil der du lærer om samanhengar mellom livsstil og helse på individ- og samfunnsnivå.

Studiet passar for deg som er opptatt av helse og fysisk aktivitet, og korleis vi kan møte helseutfordringane vi har i samfunnet i dag.

I studiet lærer du 

  • om livsstilssjukdomar, folkehelse og folkehelsearbeid
  • om kroppens fysiologi
  • korleis fysisk aktivitet og inaktivitet påverkar kroppen
  • korleis fysisk aktivitet kan brukast i førebuing, rehabilitering og opptrening
  • å planlegge, gjennomføre og evaluere fysisk aktivitet og trening for ulike målgrupper
  • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver

Det første året av utdanninga er det same som Idrett årsstudium. Med årsstudium i idrett, personleg trenar eller tilsvarande, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, praktiske økter, gruppearbeid, labøvingar, prosjektarbeid og praktisk arbeid.

Vi brukar den storslåtte naturen i Sogn og dei gode lærings- og treningsfasilitetane på campus i undervisninga.

Praksis

Du har praksis alle tre studieåra.

Kva kan du jobbe med?

  • Utdanninga gir deg kompetanse til å jobbe både i offentleg og privat sektor, mellom anna ved opptreningssenter, frisklivssentralar og i treningssenterbransjen.
  • Du kan til dømes jobbe som idrettspedagog, treningsrettleiar eller fysisk aktivitet- og helserådgivar.

Vil du studere meir?

  • Med årsstudium i PPU blir du kvalifisert for å undervise frå 5.-13. trinn.
  • Du kan også bygge på utdanninga di med Master i idrettsvitskap ved HVL, eller ta andre relevante masterutdanningar ved ulike høgskular og universitet.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 6. semester.

Kor kan du reise?