Kvalitets og HMS-ingeniør

Bachelor

Noreg er i verdstoppen innan tryggleiksarbeid. Tryggleiksstandardane i offshoreverksemdene i Nordsjøen har utvikla seg til å bli dei mest omfattande i verda. Som Kvalitets og HMS-ingeniør byggjer du opp og driftar styringssystem for kvalitet og HMS, slik at ein unngår uynskte hendingar, enten det er kvalitetsforrverring av produktet, utslepp til miljø, skadar på menneske eller brot på tryggleiken.

Gjennom internkontrollar og risikoanalysar sørgjer Kvalitets og HMS-ingeniøren for å forbetra rutinar og praksis som påverkar helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassar. Høgskulen på Vestlandet er den einaste høgskulen i landet som tilbyr Kvalitets og HMS-ingeniørutdanning, og kompetansen din er etterspurt i både privat og offentleg næring.

Plassert på Vestlandet ligg HVL midt i hjarta av næringa som jobbar mot olje- og gassfelta i Nordsjøen. Denne regionen er i sentrum for olje- og gassverksemda i Noreg med mange bedrifter som arbeider med offshorerelatert verksemd.

Utdanninga fylgjer rammeplanen for ingeniørutdanningar i Noreg.

Undervisningsmåtar

Sentrale tema i utdanninga er: HMS-internkontroll, arbeidsmiljø, risikovurdering og risikoanalyse, beredskapsleiing, brannvern og ytre miljø. Du får ei innføring i teoriar og modellar innan ulykker, ogransiasjonsteoriar og moderne leiingsmodellar innan kvalitets- og tryggleiksleiing. I studiet kan du fordjupe deg innan kvalitetsstyring leer du kan studere eit semester i utlandet til ein internasjonal profil.

Utdanninga er organisert gjennom forelesingar, oppgåveløysing, gruppearbeid, seminar, bedriftsbesøk, lab og rettleiing. Vi har gode laboratorium, der du blir lært opp i praktisk bruk av utstyr og verktøy, som blir brukt til kartlegging av arbeidsmiljøet.

Vi opnar òg for studieturar både i inn- og utland.

Vil du studere meir?

Fullført bachelorgrad gir rett til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved å ta nokre ekstra emne i brannsikkerheit, kan du søke opptak til HVL sin Master i Brannsikkerheit.

Utveksling

Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Dette gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL, og du taper dermed ikkje tid dersom dette er aktuelt.

Kor kan du reise?