Idrett

Årsstudium Hausten 2020

Likar du å vere fysisk aktiv? Gjennom idrett årsstudium lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse aktivitetar for små og store grupper både inne og ute.

Kort veg til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i utdanninga.

Studiet har omtrent like mykje praktisk som teoretisk undervisning.

Gjennom studiet lærer du om:

  • ballspel, friluftsliv, ski, dans, symjing med livredning og andre aktivitetsformer
  • idrett og samfunn
  • bevegelseslære, anatomi og motorisk læring
  • trenings- og undervisningslære

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Undervisninga føregår inne og ute. Studiet har omtrent like mykje praktisk som teoretisk undervisning.

I dei praktiske emna vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigeninnsats og meistring av sentrale bevegelsesmønster.

Vil du studere meir?

Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på desse bachelorutdanningane ved HVL:

Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

Etter endt bachelorgrad kan du søke deg vidare på årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (karakterkrav C) og bli kvalifisert for å undervise frå 5. til 13. trinn.