Bransjedag: Praksis i reiselivet

Webinar
Time icon
Når:03. mars   10:15
Varer til: 14:00
Legg til i min kalender

Studentar på Bachelor i reiselivsledelse har i 3. semester eit emne som heiter Praksis i reiselivet. I dette emnet ønskjer vi at studentane skal bli eksponert for dagleg drift av ei reiselivsbedrift gjennom autentiske arbeidsoppgåver, drift og problemstillingar.

Vi inviterer bedrifter i reiselivsbransjen til å delta på bransjedagen, og presentere si bedrift med mogleg praksisplass i 2021. Tidsramma er 15 minutt per presentasjon. 

Studentane skal ha 150 timar praksis, og vi oppmodar om at dette bør skje i perioden 1. juni til 20. august. Det er likevel ingenting i vegen for at praksisen blir gjennomført tidlegare, dersom bedrift og student blir einige om det.

Emnet skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om drift, forstår samanhengen mellom produkt og marknad, får utøve service og vertskap og får realistiske daglege utfordringar som inngår i drift av ei reiselivsbedrift. Poenget er at studentane skal få innsikt i kva som skjer «på golvet».

Det er studentar som går første året på den treåriga bachelorutdanninga som skal ha praksis. Dei skal ikkje ha betalt for praksisarbeidet, men vi oppmodar debriftene om å dekke eventuelle reiseutgifter eller liknande.

Vi håpar at ved å legge til rette for praksis tidleg i sommarhalvåret, kan studentane kanskje halde fram i deltidsjobb eller sommarjobb hjå dykk etterpå.

Påmelding

Ønskjer du å delta på bransjedagen, og presentere di bedrift for studentane? Ta kontakt med høgskulelektor Helene Maristuen  innan 1/3-2021.