Det skapande språket, sjølvet og kulturen: Paul Ricoeur som omsorgstenkar

Universitetet i Stavanger
Time icon
Når:29. oktober   10:00
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

Forskarnettverket «Omsorgens grunnlag, fenomen og vilkår» ønskjer velkomen til seminar om den franske filosofen Paul Ricoeur som omsorgstenkar.

Med dette seminaret ønskjer forskarne å løfte fram delar av Paul Ricœurs filosofi som bidrag til å tenke kring ulike sider ved omsorg; som grunnlag, fenomen og praksisar. Seminaret vil i særleg grad ha fokus på det skapande språket (forteljinga, metaforen, poesien) og dei kulturelle ressursane som grunnlag for menneskeleg erkjenning og samhandling.

Påmeldig

Påmelding sendes på e-post til kari.marie.thorkildsen@hvl.no innan 16.10.19

Program

Kl. 10.00-10.15 Velkommen ved Kari Marie Thorkildsen, Høgskulen på Vestlandet

Kl. 10.15-11.15 «Korleis møter vi det ufriviljuge? Å tenkje ut frå Ricœur om kulturen og språket for omsorg, sjølvframstilling og fellesskapshandlingar»
ved Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, UiS

Kl. 11.15-11.30 Pause

Kl. 11.30-12.00 «Motstand og Medborgerskap; Narrativ omsorg i hverdagslivets samtaler» ved Kirsten Jæger Fjetland, VID

Kl. 12.00-12.45 Lunsj

Kl. 12.45-13.15 «Å stadfeste seg sjølv gjennom språklege ressursar. Ricœur, narrativ identitet og forteljingar ved alvorleg sjukdom» ved Oddgeir Synnes, VID

Kl. 13.15-13.45 «Å tenke om det språkløse og det intersubjektive» ved Anita Gjermestad, VID

Kl. 13.45-14.00 Pause

Kl. 14.00-14.45 Samtale mellom føredragshaldarane leia av Magdalene Thomassen, VID

Kl. 14.45-15.00 Avslutning og vel heim

Disse held innlegg

Kirsten Jæger Fjetland er førsteamanuensis ved VID vitenskapelige høgskole, Sandnes. Ho underviser ved bachelor i vernepleie og master i Medborgerskap og Samhandling. Hennar forskingsinteresser er narrativitet, etikk, medborgarskap og folkehelse.

Anita Gjermestad er førsteamanuensis ved VID vitenskapelige høgskole, fakultet for helsefag, Sandnes. Er opptatt av forsking knytt til omsorgspraksisar saman med personar med alvorleg utviklingshemming som ikkje uttrykker seg språkleg.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har vore professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger sidan 2002, var med på oppbygginga av nye gradar i humanistiske fag under universitetsetableringa i Stavanger. Har tidlegare arbeidd ved Université Marc Bloch, eitt av fire universitet som no er slegne saman til Université de Strasbourg, og Universitetet i Bergen. Studerte hos Ricœur og andre i Paris i starten av 1980-talet, publiserte det første intervjuet på norsk med Ricœur og har skrive artiklar om Ricœurs hermeneutikk, filosofi og tekstanalyse. Han er preses for Vitenskapsakademiet i Stavanger.

Oddgeir Synnes er førsteamanuensis ved VID vitenskapelige høgskole, Oslo. Tok doktorgraden ved Det teologiske Menighetsfakultet på ei avhandling om forteljingar til alvorleg sjuke og døyande som identitetskonstruksjon. Paul Ricœurs omgrep narrativ identitet var sentral i analysen.

Magdalene Thomassen er førsteamanuensis ved VID vitenskapelige høgskole, Oslo. Hun har sin doktorgrad i filosofi fra Sorbonne-Paris IV og har særlig arbeidet med nyere fransk filosofi, herunder Ricœurs tenkning.