
Expo Haugesund
Bjørnsonsgate 45, Campus Haugesund
Har du lyst til å møte dei nyutdanna ingeniørane ved campus Haugesund og sjå kva dei har skrive oppgåver om?
15. juni stiller avgangsstudentane ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap ut bachelorprosjekta sine ved campus Haugesund under Expo 2022.
Studentane jobbar med prosjekta gjennom vårsemesteret, ofte i samarbeid med ei bedrift. I prosjekta tar dei i bruk kunnskap og ferdigheiter frå hele studiet og det er realistiske problemstillingar som blir løyste. Expo består av spennande utstillingar, plakatar og presentasjonar av dei ulike prosjekta.
Arrangementet er ope for alle interesserte. Velkommen!