Expo Tverrfaglig forskningsgruppe Idrett, Helse og Funksjon og Idrettscampus Bergen

Time icon
Når:11. september   10:00
Varer til: 12:00
Legg til i min kalender

I tverrfaglig forskningsgruppe for idrett, helse og funksjon ved Høgskulen på Vestlandet samlast kompetanse fra idrettsfag, helsefag, naturfag og ingeniørfag. Dette tverrfaglede samarbeidet er grunnlag for ei rekkje spanande forskningsprosjekt. Ynskjer du eit innblikk i korleis forskningsgruppa har involvert studentar i våre forskningsprosjekt? Eller kanskje du alltid har hatt lyst å sjå korleis det ser ut nedi strupen på en profesjonell operasanger? 

I samarbeid med idrettscampus Bergen arrangerer vi EXPO på HVL den 11.09.19. Velkomen innom til å høyre studentar på bachelor-, master- og phd-nivå snakke om forskningsprosjektene dei har vore involvert i. Du kan også sjå på utstillingane, prøve ut lab-utstyr eller ha ein speed-date med ein studentforskar. 

Det vert opning og presentasjon av ulike prosjekt i Mimes Brønn fra kl. 10:00-11:00. Frå kl. 11:00-12:00 kan du sjå på utstillingar, snakke med forskarane og melde interesse for å delta i framtidige forskningsprosjekt.

Alle interesserte er velkomen til å følje heile eller delar av programmet. Du treng ikkje å melde deg på. 

Forfriskningar vert servert.