Faglunsj: Kirsten Braatveit, Helse Fonna, Oddbjørn Hove, Helse Fonna og Tord Hettervik Frøland, Høgskulen på Vestlandet
Under forskingsdagane i år vil fleire av forskarane på Høgskulen på Vestlandet og Helsa Fonna presentera utdrag frå ulike forsking og utviklingsprosjekt. I denne faglunsjen får me utdrag frå forskingsarbeida til psykologspesialist Oddbjørn Hove, psykologspesialist Kirsten Braatveit, og doktorgradsstipendiat Tord Hettervik Frøland
Hjertehelsa til vaksne og eldre med psykisk utviklingshemming.
v/ Oddbjørn Hove, psykologspesialist, Helse Fonna
Hjarte- og karlidingar er blant dei vanlegaste årsakene til for tidleg død i Noreg. Talet på brukarar av legemiddel for hjarte- og karsjukdom har auka i den generelle befolkninga. For vaksne og eldre med utviklingshemning er situasjonen ein heilt annan. Dette viser ein norsk studie publisert i Pharmacoepidemiology and Drug Safety 2019. Oddbjørn Hove, psykologspesialist, Helse Fonna, vil presentera funn frå studien som viser ei omfattande overmedisinering med antipsykotika, som aukar risikoen for hjarte- og karlidingar.
Førekomsten av og karakteristikkar ved utviklingshemming blant innlaga pasientar i rusbehandling
v/ Kirsten Braatveit, psykologspesialist, Helse Fonna
Kirsten Braatveit, psykologspesialist, Helse Fonna, vil presentera funn frå doktorgradsarbeidet hennar som undersøkte førekomsten av og karakteristikkar ved utviklingshemming blant innlagde pasientar i rusbehandling
Bruk av VR-teknologi i blodprøvetaking
v/Tord Hettervik Frøland, doktorgradsstipendiat, Høgskulen på Vestlandet
Praksisbasert opplæring i utdanning er viktig, kostbar og ressurskrevjande. Bruk av ny teknologi kan gi nye opplæringsmoglegheiter for å praktisera prosedyreferdigheiter og auka verdien av den avgrensa laboratorieopplæringstiden. Hettervik Førland vil i dette innlegget presentera korleis VR-teknologi kan integrerast i blodprøve-taking og supplera tradisjonell læring og undervisning for helsepersonell.
Arrangementet er gratis og ope for alle, men krev påmelding.
Velkommen