Foredrag med forandringsfabrikken

Førde, auditorium Sunnfjord
Time icon
Når:23. april   10:15
Varer til: 16:00

Kva er ein god vaksen? Korleis skal vi vere, og kva skal vi gjere for å skape tryggleik for barn? Kva er god profesjonalitet slik barna ser det? 

Unge med erfaring frå ulike hjelpesystem delar erfaringar og gir råd og kunnskap i dette foredraget.

Forandringsfabrikken er ei nasjonal stifting med et kunnskapssenter som samarbeider med barn og unge over heile landet. Forandringsfabrikken lyttar til barn og unge i barnevern, psykisk helsevern og på skular. Deira erfaringar og råd er med på å gjere systema trygge og nyttige. Barn og unge er proffar på egne liv, difor er dei dei fremste rådgjevarane i møte med fagfolk, studentar og beslutningstakarar. Slik gjer dei gode og dårlege erfaringar om til gull.

Foredraget er gratis. Du kan kjøpe lunsj i kantina.

Påmelding innan 17. april.