Frukostmøte: Teknologi i omsorg og korleis opplever barn med migrasjonsbakgrunn i fosterheim kontakten med familien sin?
Teknologi i omsorg. Moglegheiter og avgrensingar av e-helseløysingar i helsetenesta.
v/ Mari Synnøve Berge, førsteamanuensis, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Høgskulen på Vestlandet
E-helse og teknologi er ein føresetnad for å sikra ein berekraftig helse- og omsorgsteneste. I dette innlegget gir Mari Synnøve Berge innsikt i dei helsepolitiske satsingane på e-helseløysingar og teknologi, og drøftar føresetnader, moglegheiter og avgrensingar for bruk av dette i helsetenestene. Bruk av ny teknologi inneber samhandling mellom fleire og nye aktørar, ofte på nye arenaer, og i innlegget vil Berge trekkja fram viktige ting som bidreg til auka moglegheiter for at ein kan lykkast i dette samarbeidet. Innlegget er basert på boka «Teknologi i omsorg. Ei grunnbok» som kom ut tidlegare i år.
Berge er sjukepleiar, helsesøster og informatiker med ei mastergrad i helseinformatikk frå Universitetet i Aalborg og ei doktorgrad frå Universitetet i Stirling.
Korleis opplever barn med migrasjonsbakgrunn i fosterheim kontakten med familien sin?
v/ Eirinn Hesvik Ljones, doktorgradsstipendiat Høgskulen på Vestlandet/Norce
Når barn flyttar i fosterheim, kan det vera vanskeleg for dei å kjenna seg heime. Flyttinga kan innebera at dei mistar kontakten med sin eigen familie og slekt, venner, skule og nabolag. Barn med migrasjonsbakgrunn må i tillegg ofte tilpassa seg ein kvardag med nytt språk, tradisjonar og religiøse hendingar. Kontakt og samvær mellom barnet og foreldra og familien deira kan bidra til kontinuitet og positiv identitetsutvikling. Det er viktig å tilpassa ordningane til behovet til barnet og samarbeida med alle involverte for å få dette til å fungera godt. Barnevernet har fått kritikk for å ikkje ivareta dei kulturelle rettane til barnet og for å ikkje jobba godt nok med samvær mellom barn og foreldre.
Hesvik Ljones forskar på korleis kontakt- og samværsordningar med dei biologiske foreldra til barnet og familie kan påverka barn med migrasjonsbakgrunn tilhøyrselen og identiteten sin når dei bur i fosterheim.