Fysisk aktivitet og kognisjon hjå skuleelevar

Sogndal
Time icon
Når:12. mars   09:50
Varer til: 16:00

Forskingsgruppa for Fysisk aktivitet og folkehelse på campus Sogndal inviterer alle interesserte til seminar om fysisk aktivitet og kognisjon hjå skule-elevar.

Seminaret er todelt, der første del er ved Trudvang skule. Vi får sjå elevar som har fysisk aktiv læring, og høyre erfaringar frå rektor Bjarte Ramstad, lærar Tom C. Wergeland og forskar Geir Kåre Resaland som alle har drive med fysisk aktivitet i skulen i mange år.

Andre del skjer på Høgskulebygget, der vi får innlegg frå særs dyktige professorar frå inn- og utland. Seminaret blir avslutta med ein paneldebatt. 

Merk: Alle innlegg blir halde på engelsk. 

Program

Del 1 (Trudvang skule)

Møteleiar: Geir Kåre Resaland, førsteamanuensis HVL

  • 09:50-10:00: Bjarte Ramstad, rektor: Velkommen
  • 10:00-10:25: Barn i bevegelse på skuleplassen
  • 10:30-10:55: Tom C. Wergeland, gymlærar med 10 års erfaring med fysisk aktivitet: Mine råd til andre lærarar
  • 11:00-11:25: Bjarte Ramstad, rektor: Fysisk aktivitet i 10 år - 10 nøklar til suksess
  • 11:30-12:00: Geir K. Resaland, førsteamanuensis HVL: Fysisk aktivitet i skulen - Noreg som internasjonal pioner?

Del 2 (Høgskulebygget 2.etg aud. Storen)


Møteleiar: Vegard Fusche Moe, førsteamanuensis HVL

  • 13:15-13:45: Kolbjørn Brønnick, PhD: Kvifor hjernen elskar fysisk aktivitet
  • 14:00-14:30: Katrine Aadland, stipendiat HVL: Fysisk aktivitet i skulen - 60 minutt med kva?
  • 14:45-15:30: Phillip D. Tomporowski, PhD: fysisk aktivitet og kognisjon hjå skule-elevar - kva veit vi?
  • 15:30-16:00: Paneldebatt

Velkommen!