Jobbsøkjarkurs

Sogndal
Time icon
Når: 13:15
Varer til: 15:30

Skal du søke jobb, og ønskjer tips til korleis skrive ein god søknad og cv? Eller treng du tips til jobbintervjuet? Bli med på jobbsøkjarkurs!

På kurset lærer du om

  • kartlegging av eigen kompetanse
  • korleis finne jobbane
  • korleis skrive ein god jobbsøknad og cv
  • korleis gjere eit godt jobbintervju

Kurset blir halde av Turid og Kirsti frå Karrieresenteret.

Stad: Klasserom Stadt, 2.etg i Høgskulebygget.

Tilbakemeldingar frå studentar på tidlegare jobbsøkjarkurs:

"Eit veldig nyttig og lærerikt kurs!"

"Supert kurs som ga nyttige tips!"

Dersom du har ein påbegynt cv, kan du ta den med på kurset. Viss det blir tid kan vi sjå på den i lag med deg etter kurset, eventuelt gi deg ei tilbakemelding seinare.

Meld deg på!

Vi har 20 plassar, så her er det førstemann til mølla.

NB! Gi beskjed seinest 2 dagar før kursdato dersom du ønskjer å melde deg av kurset, slik at ein annan student kan få plassen i staden. Send e-post til turid.molmesdal@hvl.no.