Tysdag 23. april
Denne dagen har vi to parallelle sesjonar, der sesjon 2 er retta mot studentar.
Parallellsesjon I: Klimaekskursjon (hovudprogram)
-
16.00Oppmøte og registrering
Oppmøte ved busstasjonen vis-a-vis konferansehotellet Quality Hotel Sogndal. Avreise kl. 16.15.
-
16.30Verdas nordlegaste vingard på Slinde
Orientering, omvising og prøvesmaking. Bjørn Bergum er eigar og omvisar på vingarden. Buss vidare til Leikanger kl. 17.15.
-
17.30Klimaklyngje og samarbeidsmodellar
Kvifor klimasamarbeid? Korleis vidareføre etablert klimapartnarskap i nye geografiske og organisatoriske strukturar? Statens hus, møterom.
-
18.00Klimavandring frå Statens hus til Henjatunet
Roar Vangsnes fortel om utviklinga av bygdesamfunnet på Leikanger, og Carlo Aall gjer greie for kva betyding klimaendringane har på eit slikt samfunn. Under vandringa vil mellom anna Stein Harald Hjeltnes frå forsøksgarden på Njøs snakke om fruktdyrking og eit klima i endring.
-
19.00Middag på Henjatunet
Velkomst av ordførar Jon Håkon Odd og orientering ved Marit Henjum Halsnes om Henjatunet. Korleis driv Henjatunet jordbruk, kulturarv, klyngetun / byggjeskikk og klima og turisme? Servering kl. 19.30. Kortreist underhaldning ved Roar Vangsnes.
-
22.00Buss til Sogndal
Bussen returnerer frå Henjatunet ca. 22.00. Tilbake i Sogndal litt før kl. 22.30.
Parallellsesjon II: Klimatoppmøte på Damskipkaia Sogndal
-
19.00Klimatoppmøte på Damskipskaien Sogndal
Masterstudentar ved HVL presenterer masteroppgåvene sine, med høve til spørsmål. Innleiing ved Jan Zeiss (HVL-student) til rundebordsdiskusjon om klimavennlege høgskular/universitet. Det vil vere mogleg å kjøpe middag.
.