Praktiske opplysningar

Under finn du påmeldingslenke, prisar og overnattingsinformasjon.

Påmelding

Meld deg på innan 12. mars for å få tidlegpris. 

Meld deg på #Klimaomstilling2019!

Konferanseprisar

Tysdag 23. april

Klimaekskursjon med fagleg program, inkludert transport til/frå Leikanger og to-rettars middag på Henjatunet: Kr 800,-

Toppmøte – studentekskursjon: Kr. 250,-.

Onsdag 24. april

Fagleg program og dagpakke: Tidlegpris (ved påmelding før 12. mars): kr 800,-. Pris etter 12. mars: kr 1 000,-

Tre-rettars konferansemiddag utan drikke: kr 525,-

Torsdag 25. april

Fagleg program og dagpakke: Tidlegpris (ved påmelding før 12. mars): kr 700,-. Pris etter 12. mars: kr 900,-

Overnatting

Overnatting bestiller du direkte på konferansehotellet Quality Hotel Sogndal. E-post: booking.sogndal@choice.noTelefon: 57 62 77 00.  Betaling for overnatting skjer direkte til hotellet ved utsjekk.

Ved bestilling, oppgi referanse «Klimaomstilling» eller «004259» for å få avtalepris:

• Standard enkeltrom inkludert frukost kr 1.282,- per døgn
• Standard dobbeltrom inkludert frukost kr 1.487,- per døgn

Hotellet garanterer ikkje for ledige rom ved bestilling etter 12. mars. 

Anna overnatting

Reiseinformasjon

Båt

Det går ekspressbåt frå Strandkaien i Bergen til Sogndal sentrum. På turen innover Sognefjorden er båten innom både Vik, Balestrand og Leikanger. 

Buss

Hotellet ligg berre 50 m frå Sogndal skysstasjon, der det går ekspressbussar til og frå Oslo og Bergen fleire gonger dagleg. 

Fly

Widerøe har fleire daglege avgangar frå Oslo og Bergen direkte til Sogndal lufthamn. Flyturane tek omlag 30 min frå Bergen og 45 min frå Oslo. Det finst også fleire andre ruter til og frå Sogndal. 

Eigen bil

For informasjon om vegar og køyreforhold sjå sidene til Statens Vegvesen eller ring dei på telefon 175. På fjord1.no finn du ferjeruter for Sognefjorden.