Kompetanse for mangfald

Sogndal, Høgskulebygget, auditorium Stad 2. etg.
Time icon
Når: 10:00
Varer til: 16:00

Kompetanse for mangfald er ei nasjonal satsing i regi av Utdanningsdirektoratet. Målgruppa for konferansen er barnehage- og skulesektoren. 

Program

  • 10.00-10.30: Velkommen
  • 10.30-11.15: Heidi Biseth – «Framand fugl i framandt land: Integrering og ekskludering i barnehage og skule»
  • 11.15-11.45: Kaffipause
  • 11.45-12.30: Heidi Biseth held fram
  • 12.30-13.15: Lunsj
  • 13.15-14.00: Parallellsesjonar. Rom: Svingen AF1, F1, F2 og F3.
  • 14.00-14.30: Kaffipause
  • 14.30-15.15: Parallellsesjonar. Rom: Svingen AF1, F1, F2 og F3.
  • 15.30-16.00: Oppsummering
  • 17.00-19.00 Middag med einingane/rettleiarar 

Keynote-speaker Heidi Biseth

Heidi Biseth er førsteamanuensis ved Høgskolen i Sørøst-Norge og for tida gjesteprofessor ved Hiroshima University. Interesseområda til Biseth er knytt til demokrati, menneskerettar, medborgarskap og mangfald i utdanningssektoren både nasjonalt og internasjonalt. I innlegget «Framand fugl i framandt land: Integrering og eksludering i barnehage og skule» vil ho trekke eigne erfaringar frå opphaldet i Japan opp mot forsking og utviklingsarbeid med innvandrarar i Noreg.

Parallellsesjonar

I den første parallellsesjonen blir det prosjektpresentasjonar frå barnehagar og skular i tre kommunar og to vidaregåande skular i fylket som har vore med i Kompetanse for mangfald i 2016.

I den andre sesjonen presenterer deltakarar i forskingsgruppa «Fleirspråkleg og fleirkulturell barnehage» forskinga si, i tillegg til at forsking i skulesektoren blir presentert.

Sjå program for parallellsesjonane

Påmeldingsfrist: 15. februar

Konferansen er gratis.

Finn fram på campus Sogndal

Om Kompetanse for mangfald 2013-17

Målet med satsinga er at tilsette i barnehagar og skular skal vere i stand til å støtte barn, elevar og vaksne med minoritetsbakgrunn på ein måte som fører til at desse i størst mogleg grad fullfører og består utdanningsløpet. Hovudfokuset er på barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling, der prosjekta blir drivne av den enkelte eining med fagleg støtte frå høgskulen. Fylkesmannen administrerer satsinga lokalt. I tillegg til kompetanseutviklinga på den enkelte eining, er tanken at noko av den kompetansen som blir utvikla skal vidareformidlast til resten av fylket.