Konferanse i miljøterapeutisk arbeid

Sogndal
Time icon
Når:13. mars   09:30
Varer til: 14. mars 15:00

Velkommen til ein praksisnær konferanse om miljøterapeutisk arbeid. Vi ønskjer å formidle kunnskap og lage ein møteplass for erfaringsutveksling og kompetanseheving. 

Målgruppa er studentar, praksisfeltet og arbeidstakarar som utøver miljøterapeutisk arbeid til menneske med ulike hjelpebehov.

Blant foredragshaldarane finn vi mellom anna Jon Arne Løkke, dosent v/ HVL, og professor Karl Elling Ellingsen, som begge er sentrale fagpersonar innan vernepleie i Noreg. Psykiatar Egil Martinsen held også innlegg. Han var ein sentral fagperson innan psykisk helse i Helse Førde for ein del år sidan.

Sjå programmet!

Påmeldingsfrist er 1. mars.