Lunsjmøte om stipendordninga til The Commonwealth Fund

Bergen
Time icon
Når: 11:15
Varer til: 12:15

Onsdag 15. mars arrangerer Høgskulen på Vestlandet lunsjmøte med The Commonwealth Fund som kjem for å fortelje om Harkness Fellowships in Health Care Policy and Practice.

Dette er ei stipendordning som finansierer eitt års studieopphald for kandidatar innan helsetenesta ved eit av dei beste universiteta i USA. Ordninga er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta og The Commonwealth Fund.

På møtet får deltakarane ein presentasjon av stipendordninga og søknadsprosessen for stipendet. Det vil òg haldast ein presentasjon av tidlegare norske mottakarar av stipendet med deira erfaringar, og korleis stipendet har påverka deira karriere.

Presentasjonen blir halden av Gregory Kuzmak, direktør for «International Health Policy and Practice Innovations Team» ved The Commonwealth Fund.

Arrangementet er gratis, og finn stad på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad (Inndalsveien 28), rom F234. Frist for påmelding til møtet er onsdag 8. mars 2017.

Frist for å søkje stipendet frå Norge er 13. november 2017. 

Her kan du les meir om stipendordninga.

Påmeldingsfrist:

8. mars 2017.

Program

Kl. 11:15 – 12:15: Presentasjon

Kl 12:15: Servering av mat

Vel møtt!