Minoritetsspråklege elevar sine rettar

Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund, Auditorium B
Time icon
Når:14. desember   13:00
Varer til: 15:30

Kurset gir ein gjennomgang av regelverket i grunnopplæringa knytt til minoritetsspråklege elevar sine rettar. Mellom anna vil ein sjå på reglane for særskilt norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og morsmålsopplæring i grunnskulen og vidaregåande opplæring, samt grunnskule for vaksne. Ein vil også komma inn på reglane for sakshandsaminga. 

Målet er å styrke elevar med minoritetspråkleg bakgrunn si utvikling i skulen slik at fleire gjennomfører og består utdanningsløpet. Kurset er knytt til satsinga Kompetanse for mangfold, men er ope for alle interesserte.

Føredragshaldar: Una Bjørnseth Haugen, rådgivar utdanningsavdelinga, Fylkesmannen i Rogaland.

Målgruppe: leiarar i grunn- og vaksenopplæringa, dei som er ansvarlege for eller driv med særskilt språkopplæring, eller som tenkjer at dei vil inn i slike oppgåver. Kurset kan også vera aktuelt for tilsette i barnehage.