MOVE dagskonferanse

Sogndal, Høgskulebygget, aud. Josten 1. etasje
Time icon
Når:21. februar   12:00
Varer til: 18:00

Korleis kan ein sikre at ungdomsmobilitet i Europa verkar positivt, både for den mobile og for samfunnsutviklinga? Kva kan fremje eller hindre fordelaktig mobilitet, og er internasjonal mobilitet ønskjeleg for alle?

Dette er tema for MOVE-konferansen, som er tilnytt forskingsprosjektet MOVE.

Forskarar frå seks europeiske land (Noreg, Luxembourg, Ungarn, Romania, Spania og Tyskland), har i tre år jobba med ungdom som kryssar landegrensene for å finne jobb, læreplass, studere, drive frivillig arbeid eller starte forretningar.

Konferansen vil fokusere på hovudfunna frå prosjektet på nasjonalt og europeisk nivå. Vi ønskjer forskarar, ungdomsarbeidarar, studentar og ekspertar velkomne til å utveksle idear og perspektiv på internasjonalisering og ungdomsmobilitet i Europa.

Program

  • 12:00–12.30: Velkommen og introduksjon til «Mobilitetskorridoren» v/ fylkesmann i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre, HVL-studentar og elevar frå United World College
  • 12:30–12.45: Opning av konferansen ved Bjørg Kristin Selvik, prorektor for utdanning ved HVL
  • 12:45–13.00: Keynote speaker: Thierry Béchet, EUs ambassadør til Noreg
  • 13:00–13.15: What is MOVE? v/ den norske forskargruppa i MOVE
  • 13:15–13.45: Young people on the Move – Some key findings from Norway v/ Jan Skrobanek (UiB/HVL). Spørsmål og kommentarar frå salen.
  • 13.45–14.30: Pupils exchange and employment mobility – two mobility types in focus (Del 1).
    • Elevutveksling: Roger Hestholm (HVL), Irina Pavlova (HVL) Katalin Lipták (Universitetet i Miskolc) og Zsuzsanna Dabasi-Halász (Universitetet i Miskolc).
    • Spørsmål og kommentarar frå salen.
  • 14:30–15.00: Kaffipause
  • 15.00-15.45: Pupils exchange and employment mobility – two mobility types in focus (Del 2).
    • Arbeidsmobilitet: Jan Skrobanek (UiB/HVL) og Tuba Ardic (HVL) 
    • Spørsmål og kommentarar frå salen.
  • 15:45–16:00: Introduksjon til verkstad. Utfordringar og moglegheiter med mobilitet og internasjonalisering v/ Roger Hestholm (HVL)
  • 16.00-16.30: MOVE ON v/ Kristine Kopperud Timberlid (Innovasjon Norge), Stig Helge Pedersen (Senter for internasjonalisering i utdanning), Zuzana Nordeng (Vestlandsforsking) og Sara Christine Jonsborg (Nav)
  • 16:30–17:30: Rundebordsdiskusjon
  • 17:30–18:00: Avslutning