Når forskarane og arbeidslivet går saman – kan vi stole på forskinga og resultata?

Høgskulen på Vestlandet, Global Lounge, Kronstad
Time icon
Når:19. september   19:00
Varer til: 21:00
Legg til i min kalender

Samarbeidet mellom forskingsinstitusjonar og arbeids- og næringslivet har blitt intensivert dei siste åra, og er tettare enn aldri før. Dette er ein ønska politikk. Samtidig kan slike samarbeid føre til interessekonfliktar.
Er det fare for at forskarane lar seg påverke, eller kan vi stole på at forskinga er uavhengig, og at ikkje særlege interesser får styre forskinga og formidlinga av resultata?

Christine Øye, prorektor på Høgskulen på Vestlandet, innleier med bakgrunn i kronikken «Samarbeidsforskning gir resultater, men krever ny satsing på forskningsetikk»

Etter innleinga deltar byrådsleder Christine B. Meyer (H) og journalist og forfatter Simen Sætre i samtale.

Arrangementet er opent for alle og gratis.

Velkomen!