Nytt innan symjeopplæringa

Sogndal
Time icon
Når:27. september   10:00
Varer til: 16:00

Vi ønskjer lærarar, rektorar, inspektørar, lokale skulemyndigheiter, studentar og lokale frivillige organisasjonar velkommen til konferanse om Regjeringa si satsing på betre symjeopplæring i grunnskulen. 

Ved skulestart hausten 2017 skal det innførast ein obligatorisk ferdigheitsprøve i symjing. Prøven består av 7 øvingar som skal inngå i ei pedagogisk ramme som elevane skal bestå innan utgangen av 4. trinn.

Program

Konferansen vil omhandle

  • den nye ferdigheitsprøven
  • lokale skulemyndigheiter si rolle
  • den nye symjeportalen svømmedyktig.no

Det blir veksling mellom teoretiske og praktiske sesjonar.

Detaljert program med påmelding blir lagt ut i august.