AVLYST: Open dag campus Stord

Klingenbergvegen 4
Time icon
Når:20. januar   09:00
Varer til: 12:00
Legg til i min kalender

Diverre må vi avlyse Open dag, som planlagd, på campus Stord i år.

Vi ønskjer likevel å tilby tilrettelagd informasjon om HVL sitt studietilbod til dei som er interesserte. Ønskjer du å komme til campus på Stord for å få betre inntrykk av korleis det er å gå her, eller treng du meir info?

Ta kontakt med rådgjevaren på skulen din, eller send epost til hilde.zwaig.kolstad@hvl.no

 

**Avlyst**

Vi inviterer elevar ved vidaregåande og folkehøgskular til Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus på Rommetveit onsdag 20. januar. Her vil de få eit innblikk i HVL sitt utdanningstilbod, og sjå korleis det er å vere student.

I løpet av føremiddagen presenterer vi ulike studieprogram ved HVL, med særleg vekt på sjukepleie-, lærar- og barnehagelærarutdanningane. Elevane får òg høyre litt om kvardagen som student, og dei får med seg nokre gode tips frå studentane våre.

Invitert gjest: Rahman Chaudry

Vi har invitert student Rahman Chaudry til å starte dagen med innlegget: "Kva skal eg studera?"
Rahman studerer juss i Bergen. Han er frå Oslo, men har brukt mykje tid i Sunnhordland, mellom anna som sesongarbeidar ved Sunnhordland folkemuseum. Han har leia Elevorganisasjonen og deltar aktivt i samfunnsdebatten. Han kjem til Open dag for å fortelje litt om korleis det gjekk då han skulle velje kva han skulle studera. Han fortel litt om overgangen frå elev til student, det vanskelege valet om kva ein skal studera, og korleis det eigentleg er å vere student.

Få svar på spørsmål

Fleire studentar og tilsette vil vere tilgjengelege for å svare på spørsmål, og dei elevane som ønsker får vere med på ei lita omvising i undervisningslokala og rundt om på vår fantastiske, naturskjønne campus.

HVL byr òg på pizza til lunsj.

Grunna omsyn til smittevern må alle i år melde seg på Open dag før 15. desember, via denne lenka:
https://www.survey-xact.dk/LinkCollector?key=YQJYJFMJLN91

Smittevernomsyn

Vi følgjer korona-situasjonen nøye, og vil sørgje for at opplegget på Open dag til kvar tid følgjer dei gjeldande restriksjonane og tek omsyn til smittevernet.

Vi legg opp til program frå kl. 09.000–12.00, men har alternative løysingar for gjennomføringa dersom  smittesituasjonen endrar seg. Vi kan måtte strekke arrangementet utover større delar av dagen.

Detaljert program med tidspunkt blir derfor ikkje lagt ut før Open dag nærmar seg. Følg med på denne sida for oppdateringar. Dei som har meldt seg på vil få eventuelle oppdateringar på e-post.

Spørsmål

Har de spørsmål til dagen, om smittevern, eller korleis ein kjem seg til Rommetveit, eller noko heilt anna? Ta kontakt med Hilde Zwaig Kolstad: hilde.zwaig.kolstad@hvl.no / 48 50 37 12