Open forelesing - film og formidling: Sagatida

Sogndal, Høgskulebygget, aud. Josten 1. etasje
Time icon
Når:27. januar   17:00
Varer til: 20:00

«Open forelesing - film og formidling» er eit gratistilbod til alle historieinteresserte i Sogn og Fjordane. Ulike historiske tema blir belyst med eit mini-foredrag av forskarar ved HVL, etterfølgt av visning av ein utvald film.

Denne søndagskvelden er det sagatida som er tema. 

Den norrøne sagalitteraturen er eineståande i verdslitteraturen. Handlinga i mange sagaer foregår i Noreg eller på Island på 800- og 900-talet. Sagaene omhandlar ofte konfliktar og blodige feider mellom kongar, stormenn og deira slekter. Vald var vanleg i den norrøne krigar- og æreskulturen, der vegen var kort frå lystige drikkelag rundt ølbollane til sverdslag på valplassen.

I slike konfliktar mellom høvdingar låg også kimen til den gryande rikssamlinga i Noreg. Filmen "Erik the Viking" (1989) er ikkje eit forsøk på å seie noko vettug om dei norrøne sagaene: «I’d been surprised they weren’t more full of magic and monsters», seier regissøren, Terry Jones. Filmen er soleis noko så sjeldan som ein «vikingsatire» - med både monster og magi!     

Velkommen!