Pedagogikkfaget i barnehagelærarutdanninga

Bergen, Kronstad
Time icon
Når:17. oktober   12:00
Varer til: 18. oktober 15:30

Påmeldingsfrist: 7. september

Vi plukkar opp tråden etter Høgskulen i Innlandet i fjor og set søkelys på pedagogikk, reform og barnehagelærarutdanning. Velkommen til Bergen og Høgskulen på Vestlandet! 

Program 17. oktober

  • 12:00
    13:00
    Lunsj og registrering
  • 13:00
    17:30

    Opning

    Plenumsforedrag I
    Vegen blir til medan vi spring etter - metaforar om reform og pedagogikk.
    Hege Fimreite HVL Sogndal og Vigdis Foss HVL Bergen.
    Med utgangspunkt i samtalar med tilsette i barnehagelærarutdanninga leiter vi etter innsikt som metaforbruk kan gje om iverksetjinga av ei reform.
    Svein Ole Sataøen, Følgjegruppe BLU, rammar inn med innsikt frå følgjearbeidet.

    Pause – kaffi og te

    Plenumsforedrag II
    Allmennpedagogikk som menneskeleg praksis og teoretisk refleksjon.
    Alexander von Oettingen Syddansk Universitet
    Kva er pedagogikk og pedagogisk praksis? Kor teoretisk og evident er pedagogikken? Foredragshaldar peiker på korleis vi kan forstå pedagogikk gjennom å studere kva utfordringar som oppstår i møte med handlingar, normer, institusjonalisering og erkjenning.

    Omvising: Kunst på Kronstad

  • 17:30
    18:30
    Mat og prat på Kronstad

Program 18. oktober

  • 09:00
    14:30

    God morgon

    Plenumsforedrag III

    Profesjonalisering – oppgåvene, kunnskapen, utdanninga.
    Anton Havenes Høgskolen i Oslo og Akershus.
    Profesjonalisering føreset ein yrkesarena der oppgåvene vert identifisert, problematisert og der intervensjon vert grunngjeven og rettferdiggjort. Er samansetninga av kunnskapselementa i barnehagelærarutdanninga i tråd med dei oppgåvene ein barnehagelærar har? Er oppgåvene barnehagelæraren vert pålagt i samsvar med oppdraget? Fremjar utdanninga profesjonalisering? Det er naudsynt å gje barnehagelærarar ei tydeleg stemme, og å gjere empiriske og teoretiske studiar av oppgåvene og ansvaret dei har.

    Pause – kaffi og te

    Parallellsesjonar:

    A) Studentperspektiv på pedagogikk i barnehagelærerutdanninga, ved førsteamanuensis Alicja Renata Sadownik, Høgskulen på Vestlandet, Bergen.

    Utdrag frå eit FoU-arbeid om pedagogikk i barnehagelærarutdanninga basert på gruppeintervju med studentar. I prosjektet kjem ulike perspektiv på pedagogikk i utdanninga til syne. Det som er felles er studentane si oppleving av å få for lite undervisning om pedagogikk i studietida. Framlegget tar for seg ulike strategiar som studentane utviklar for å bøte på dette.

    B) Studentar i den offentlege barnehagedebatten, ved høgskulelektor Sigrid Eskestrand Hoveid og førstelektor Mette Røe Nyhus, Høgskolen i Østfold.

    Eit studentprosjekt i kunnskapsområdet Barns utvikling, leik og læring.  Studentgrupper tek del i den offentlege barnehagedebatten gjennom kronikkar, innlegg i fagtidsskrift, på nettsider m.m. Målet er at studentane skal få kunnskap om korleis dei kan skrive fram profesjonen og mot til å delta i den offentlege, politiske barnehagedebatten.

    C) Frå «pedagurk» til pedagog – kva kan profesjonssamtalen bidra med? ved høgskulelektorane Randi E. Nordlie, Sissel Halland, Annette k. Winje og Liv Ingrid Fjellanger, Høgskulen på Vestlandet, Stord/Haugesund.

    Eit praksisnært aksjonsforskingsprosjekt i barnehagelærarutdanninga. Kva trer fram når studentar og faglærarar går saman i søken etter rammer, innhald og form i profesjonssamtalen. Studentane opplever fleire sider ved profesjonssamtalen som vi ynskjer å løfte fram, og som vi tenkjer kan bidra inn i vidare arbeid med profesjonssamtalen i barnehagelærarutdanninga.

    D) Kollegarettleiing som felles profesjonslæring for studentar og barnehagelærarutdannarar i praksisfeltet, ved Gunnhild Holen (styrar Stedje barnehage), Ann Mari Hole Sande (praksislærar og rettleiar i Stedje barnehage) og dosent Ingrid Fossøy, instituttleiar Hege Fimreite, Høgskulen på Vestlander, Sogndal.

    Innlegget byggjer på ein aksjonsforskingsstudie mellom høgskule og barnehage. Korleis kan systematisk kollegarettleiing utfordre eksisterande møtekultur i barnehagen og bidra til at barnehagane utviklar kunnskapsutviklande møte. Møte med auka fagleg fokus og rom for å stille kritiske spørsmål til eigen og andre sin praksis. Studentar i kunnskapsområde Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid får ta del i systematisk kollegarettleiing både på studiestaden og i praksis.

    E) Utdanningssamtale og profesjonsutvikling, ved høgskulelektorane Kristine Hjelle og Modgun Ohm, Høgskulen på Vestlandet, Bergen.  

    Med den nye barnehagelærarutdanninga innførte Høgskolen i Bergen ein obligatorisk utdanningssamtale første studieår. Pedagogikklærarar har ansvaret for samtalen.  Målet er å bidra til at studenten lukkast i studiet og følgjer utdanningsplanen. Framlegget tar for seg student- og lærarutdannarperspektiv på korleis ein slik samtale kan fungere og utviklast. 

    Paneldebatt

    Avrunding og vidare vegar

  • 14:30
    15:30
    Lunsj og avreise