SAMAN: Brukar- og pårørandemedverknad i eldreomsorg

Skei, Thon Hotel Jølster
Time icon
Når: 09:30
Varer til: 15:30

Vi inviterer til fagdag med tema brukarmedverknad i eldreomsorga i Sogn og Fjordane. Målgruppa er deg som arbeider i helse-, omsorgs eller kultursektoren, deg som er pårørande eller lag og organisasjonar. 

Morgondagens omsorg skal skapast og utviklast saman med brukarar og dei pårørande i eit samspel med frivillige, ideelle og private aktørar. Det er viktig å synleggjere og støtte familien og det sosiale nettverket til brukarane. Det skal vere eit større mangfald av tilbod, og brukarane skal kunne leve eit aktivt og godt liv i fellesskap med andre.

Program

  • 09:30
    10:00
    Registrering og kaffi
  • 10:00
    10:15
    Opning
  • 10:15
    10:45
    Å leve som pårørande i eldreomsorga
  • 10:45
    11:40
    Brukar- og pårørandestemma som SKAL høyrast!
  • 11:40
    12:00
    Førde kommune - pårørandearbeid
  • 12:00
    13:00
    Lunsj
  • 13:00
    13:45
    Involvering i miljøet: for kven, korleis og kvifor?
  • 13:45
    14:00
    Samhandling med pårørende - har helsepersonell deltatt på opplæring?
  • 14:00
    14:15
    Kaffi
  • 14:15
    15:00
    D R A U M – Du, Raus, Aktiv, Utruleg, Mot
  • 15:00
    15:30
    Oppsummering

Deltakaravgifta er 450 kr. inkludert lunsj. 

Konferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet - campus Førde, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester.