Seniorkonferansen: Bu trygt heime

Campus Bergen
Time icon
Når:16. oktober   10:00
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

Bergen eldreråd skal for fjerde gongen arrangera seniorkonferansen, som er eit samarbeid mellom Bergen kommune og Høgskulen på Vestlandet (HVL). 

Tema er reforma Bu trygt heime (St.mld. 24, 2022-2023) - nasjonale føringar og lokal oppfølging.

Program

  • 10.00: Ord for dagen ved Terje Steen Edvardsen.
    Vel møtt til høgskulen ved rektor Gunnar Yttri
    Opning ved ordførar Marit Warncke

  • 10.15: Nasjonale føringar og utfordringar. Tiltak
    Tobba Therkildsen Sudmann, professor ved HVL
    Anna Helle Valla, psykolog, PhD og festivalsjef for Generasjon, Nasjonalt senter for aldring og helse
    Bettina Sandgathe Husebø. Professor. Leiar for Senter for alders- og sykehjemsmedisin, UiB

  • 11.10: Lokal oppfølging. Ulike tiltak.
    Byråd(ar) med fleire.
    Etat for heimebaserte tenester. Døme på tiltak: Smart omsorg (programleiar May Ruth Tolleshaug)  og velferdsteknologi i Bergen (Lars Olav Gåsdal, avdelingsleiar Responssenteret)

  • 12.00: Lunsj. Denne kan kjøpast i høgskulekantina. 

Møteleiar etter lunsj: Else Nygård, nestleiar Eldrerådet

  • 13.00: Helsing frå Fylkeseldrerådet ved leiar Kari Foseid Aakre
    Helsing frå byombod Erik Dahl, Bergen kommune

  • 13.10: Boligar for eldre. Utforming, sosialt miljø mm. Paneldebatt. Deltakarar: Byarkitekten, Bjart Nygaard, styreleiar Rieber Fondene, Harald Schjelderup, adm.direktør BOB, tidlegare branntilsett Svein Olaf Drageland og professor Frode Fadnes Jacobsen, leiar Faggruppe for eldrehelse og eldreomsorg, Alrek helseklynge. Panelleiar: Fauzia Hussain-Wiik, medlem Eldrerådet

  • 14.00: Pårørande. Anne Karine Aspholt Monsen, leiar prosjektet «Sett, styrket og hørt»

Frivillige. Tone Kristine Tefre Kolbjørnsen, Besøkstenesta, Bergen Røde Kors

Verdighetsenteret. Kompetanse for ein verdig alderdom. Dagleg leiar Silje B. Eikemo

Vegen vidare. Oddvar Førland, professor ved HVL. Frå det å bu heime til inngangsporten for helse- og omsorgstenestene i kommunen

  • 14.55: Takk for i dag ved Nils Mæhle, leiar Eldrerådet