Sogn og Fjordane lærarstemne

Sogndal kulturhus og Høgskulebygget
Time icon
Når: 17:00
Varer til: 28. april 14:00

Velkommen til årets lærarstemne!

Torsdag 27. april

  • 17.00
    17.30
    Velkommen

    Det blir i tillegg kulturelt innslag. 

  • 17.30
    19.45
    Læreplanarbeid for tilpassa opplæring, og for lærarar si læring
  • 19:45
    20:00
    Avslutning

"Læreplanarbeid for tilpassa opplæring, og for lærarar si læring"

Svein-Erik Andreassen er førstelektor ved Universitetet i Tromsø. Hans primære forskingsinteresse er analyse av læreplanar for og i grunnskule og vidaregåande skule. 

Læreplanarbeid for tilpassa opplæring:

  • skilje mellom ferdigheit, kunnskap og kompetanse
  • skilje mellom hovudmoment i L97 og kompetansemål i LK06
  • ulike typar ferdigheiter i kompetansemåla; grunnleggjande ferdigheiter og andre ferdigheiter
  • endar kompetansemåla opp som kunnskapsmål lokalt?
  • kan elevar risikere å ikkje få uttelling for relevant kompetanse?
  • kan manglande læreplanforståing medføre fråpassa i staden for tilpassa opplæring?
  • ulike typar differensiering for å fremje elevar si kompetanseoppnåing
  • vurdering for læring og vurdering av læring

Læreplanarbeid for lærarar si læring:

  • skille mellom lokale læreplanar og lokalt læreplanarbeid
  • lokalt læreplanarbeid: produksjon av skjema eller produksjon av innsikt?
  • forskande lærarar innfrir kravet om lokalt læreplanarbeid utan å lage planar!

Fredag 28. april

  • 09:00
    09:15
    Innleiing
  • 09:15
    10:30
    Kva betyr nytt kap. 9a i Opplæringslova for deg som lærar?
  • 10:30
    11:45
    Parallellsesjonar
  • 11:45
    12:30
    Lunsj
  • 12:30
    13:45
    Parallellsesjonar

Parallellsesjonar

  • "Fra å komme til kort til å mestre" v/ Sølvi Ellefsen Brøgger og Chris Andre Lund, seniorrådgivarar i Statped.

    Chris Lund har mastergad i IKT i læring og lang erfaring som lærar. Lund har spisskompetanse på å bruke digitale tenester i undervisninga og er ein mykje brukt foredragshaldar på temaet. Sølvi Ellefsen Brøgger har hovudfag i logopedi og jobba tidlegare som skulelogoped. Brøgger arbeider med felta lesevanskar, språk, dysleksi og digitale læringsressursar. Saman med Chris Lund held Brøgger ofte foredrag om å bruke digitale tenester i undervisninga.‬ Tidleg innsats kan hindre at ein vanske blir unødvendig stor eller at barnet utviklar tilleggsvanskar. Lund og Brøgger forklarer kva vi legg i omgrepet tidleg innsats og kvifor slik innsats er viktig. Dei fokuserer særskilt på elevar med lese- og skrivevanskar og viser korleis pedagogar kan bruke digitale tenester for å oppnå læring, kompensering og inkludering.

  • "Digital dømmekraft - Hvorfor, hva og hvordan? v/ Karoline Hultman Tømte, Senter for IKT i utdanningen.

    Digital dømmekraft er både et viktig element av digitale ferdigheter, og en forutsetning for barn og unges læringsmiljø, trivsel og trygghet. Godt læringsmiljø innebærer også kunnskap om unges liv på nett, der tema som personvern, nettvett og mobbing er aktuelle. I denne sesjonen vil vi diskutere hvordan skolen kan legge til rette for godt læringsmiljø, gjennom utvikling av digital dømmekraft hos ansatte og elever. 
  • Vurdering og inkludering: Fem eksempler for kroppsøving" v/ førsteamanuensis Petter Erik Leirhaug, HVL campus Sogndal.

    Korleis involvere elevar i vurderingsarbeid i kroppsøving slik at det fremmer læring, inkluderer og gir grunnlag for å forstå karakterane? Innlegget presenterer fem konkrete eksempler som prøver å svare på spørsmålet ut frå kroppsøvingsfaget sin eigenart.

  • Arkitektur, digitale verktøy og vurdering" v/ førstelektor Hege Gjerde, HVL campus Sogndal. 

    Økta blir delt i to. Del ein handlar om bruk av digitale verktøy knytt til tema arkitektur. Det blir presentasjon av studentoppgåver og gjennomgang av aktuelle verktøy. I del to blir det ein praktisk gjennomgang av vurdering knytt til eit case. 

  • "Fysisk aktiv læring - frå forsking til praksis" v/ Katrine Nyvoll Aadland, Øystein Lerum og Mette Stavnsbo, stipendiatar v/ HVL campus Sogndal. Innlegget vil omhandle korleis ein som lærar kan tilretteleggje og nytte fysisk aktivitet som metode for læring. Vi vil dele innlegget i to delar, der vi først presenterer Active Smarter Kids (ASK) modellen og foreløpige resultat frå prosjektet. Deretter vil vi ha ei lengre praktisk økt, der vi viser og prøver opplegg for ulike skulefag og klassesteg.


  • "Utfordringer og muligheter i det flerspråklige klasserommet" v/ Christianne Valand Sørensen og Tove Sandell Hepburn frå Kongsgård skolesenter. NB! Denne forelesinga varer frå 10.30-13.45 (med pause til lunsj). Korleis kan du som lærar legge til rette for auka læringsutbytte hos minoritetselevane i klassen? 
    • Tilpassa og differensiert opplæring
    • Språklege og kulturelle utfordringar
    • Elevane sin kulturelle bagasje
    • Foreldre/skule samarbeid
    • Praktiske tips og undervisningsmetodar

Prisar og praktisk info

  • Torsdag: 200 kr. inkludert frukt, kaffi og te.
  • Fredag: 300 kr. inkludert lunsj, kaffi og te
  • Begge dagar: 400,- inkludert lunsj, frukt, kaffi og te