SONE-konferansen 2019: Språk, kjønn og makt

HVL, Kronstad, Inndalsvegen 28, i rom C114 / Aud 5
Time icon
Når:25. april   10:30
Varer til: 26. april 16:00

Sosiolingvistisk nettverk (SONE) er ein samanslutnad av forskarar ved norske universitet som arbeider med sosiolingvistiske problemstillingar av ulikt slag. SONE arrangerer årleg ein konferanse der både masterstudentar, stipendiatar og etablerte forskarar møtest for å legge fram ny forsking. Arrangementet går på omgang, og i år er Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet vertskap. 

Det overordna temaet for konferansen dette året er «Språk, kjønn og makt», men også foredrag om andre sosiolingvistiske tema er velkomne.

Det er inga deltakaravgift. Du får mat og kaffi i pausane, men middagen må du betale sjølv.

Program

Inviterte føredragshaldarar i år er:

Konferansen går primært føre seg på skandinaviske språk. Les meir om programmet her. 

Praktisk informasjon

Kollektivtransport: Det er billegast å kjøpe dagsbillett i Skyss-appen. Du kan òg kjøpe billett i automatane på alle bybanestoppa.

Når du kjem direkte frå Flesland flyplass: Det enklaste er å ta Bybanen til Kronstad. Turen tar 30 minutt frå flyplassen.

Når du kjem frå Bergen sentrum: Ta Bybanen til Kronstad.

Parkering: Det er dårleg med gjesteparkeringsplassar på Kronstad. Snakk med Edit Bugge i god tid før konferansen om du kjem med eigen bil og treng parkering, så ser vi om vi finn ein plass.

Vil du halde innlegg?

Send eit samandrag til randi.neteland@uib.no innan 1. mars. Rammene for føredraga er 20 minutt pr. innlegg.