Speedforsking

Storen, Høgskulebygget campus Sogndal
Time icon
Når:27. september   14:00
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

Kor fort kan ein forskar snakke om forskinga si?
Det testar vi ut under årets speedforsking. Her får du moglegheit til å høyre om interessante funn og forskningsprosjekt presentert i lynande fart. Ei god anledning til å oppdage noko av dei spennande tinga som skjer på forskningsfronten. Det vil vera forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. 

Stad: Storen, Høgskulebygget
Sjå kart her.

Kaffi og kaker frå kl. 14:00
Oppstart for speedforskinga er kl. 14:15

Årests speedforskarar:

  • Vegard Fusche Moe (prodekan, FLKI): Fortel om ulike forskingsprosjekt ved FLKI.

  • Karin Elisabeth Sørlie Street (førsteamanuensis, FLKI): Matematikk og mestringskjensele 

  • Denise Ruther (førsteamanuensis, FIN): Klimaedringar og skred.  

  • Amalie Eikeland Holmefjord (masterstudent, FIN): bruk av undervassdrone i maritim naturkarlegging. 

  • Julia Vigdal Esperås (høgskulelektor, FHS):Forhaldet mellom foreldrestilen ‘helicopter parenting’ og angst/depresjon hos deira barn. 

  • Kari Bergset (førsteamuensis, FHS): Etterlengta familieliv og tungt ansvar: Einslege mindreårige flyktningar og familiegjenforeining.
     
  • Ragnhild Freng Dale (seniorforskar, Vestlandsforsking): energi, klimaomstilling. 

  • Bjørn Christian Weinbach (forskar, Vestlandsforsking): Stordata 

 

Forskingsdagane 2022

Dette arrangementet inngår i Forskingsdagane 2022, der vi inviterer deg til å møte forskarar på campusane våre og andre arenaer. Forskingsfestivalen er frå 21. september til og med 2. oktober. Utforsk resten av programmet.