Studiestart vernepleie deltid

Sogndal
Time icon
Når:14. januar   12:15
Varer til: 15:00

Velkommen til campus Sogndal og oppstart på vernepleie deltid!

Viss du ikkje kan møte til studiestart, må du få godkjent fråværet før studiestart ved å sende e-post til opptak@hvl.no. Dersom du ikkje møter til studiestart, og ikkje har fått godkjent fråvær, mister du studieplassen.

Oppstartsveka

Første samling er i veke 3, med studiestart måndag 14. januar kl. 12.15. Samlinga blir avslutta fredag kl. 12.00.

Samlingar våren 2019 er i veke 3,7, 11, 15 og 21.

Første samling har fokus på å bli kjend med klassen, med høgskulen og forelesarane. Vi startar også undervisning på emnet Vernepleieprofesjonen i hjelpeapparatet. Du finn emnebeskrivelsar og pensum i studieplanen.

Frå 15. desember finn du timeplanen din i TimeEdit. Der vil du også sjå kva bygg og rom du skal vere i. NB! Velg "åpen inngang HVL" dersom du ikkje har semesterregistrert deg, og vil sjå timeplanen din. 

Sjekkliste før studiestart

Sjekklista under er ei god førebuing til livet som student hos oss.

1. Semesterregistrer deg

1-2 veker før studiestart mottar du ein SMS med ein pinkode. Når du har mottatt pinkoden loggar du på Studentweb for å semesterregistrere deg. Kontroller at kontaktinformasjonen stemmer. Lag faktura for semesteravgift. Meld deg opp til undervisning og vurdering (eksamen), anten ved å godkjenne utdanningsplanen eller ved å legge inn emne manuelt. Dette må vere gjort for å få tilgang til læringsplattformen Canvas.

Siste frist for semesterregistrering og betaling av semesteravgift er 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret.

2. Aktiver brukarkontoen din

Aktiver brukarkontoen din ved å logge deg på med brukarnamn (studentnummer) og pinkoden som du får på SMS 1-2 veker før studiestart. Studentnummeret ditt finn du i Studentweb.

Det kan ta inntil 24 timar før brukarkontoen er oppretta. Dette gjeld også sjølv om du har fått tilgang til Studentweb.

Brukarkontoen gir deg tilgang til IT-verktøy som e-post, Office 365, læringsplattformen Canvas, innleverings- og eksamenssystemet WISEflow, anna programvare og trådlaust nett på campus.

3. Last ned studentbevis-appen

Studentbevis-appen beviser at du er registrert som student dette semesteret.  Appen fungerer som studentbevis hos mellom anna studentsamskipnaden og kollektivtransportselskap.

Du vil framleis trenge studentkort, til dømes for å komme inn i bygga våre på kveldstid og i helgene, låne bøker på biblioteket og bruke skrivarane våre. Studentkorta blir produsert kort tid etter studiestart.

4. Treng du politiattest og medisinsk testing?

På ein del studium er det krav om at du skal legge fram politiattest. Det vil stå i tilbodet om studieplass om ditt studium krev politiattest, og kva type politiattest du treng.  Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.

Lærar- og barnehagelærarstudentar og studentar som skal ha praksis eller klinisk undervisning ved sjukehus, sjukeheim og andre buformer med heildøgns pleie kan i nokre høve måtte ta ein test før dei går ut i praksis. Les meir om medisinsk testing.

5. Søk om bustad, stipend og lån

Treng du hybel? Saman har studenthyblar i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Du kan òg sjekke boligtorget.no for ledige hyblar, eller hybel.no for hyblar på privatmarknaden. Hugs å melde adressendring hos Posten!

Så snart du har fått tilbod om studieplass, kan du søke om lån og stipend hos Lånekassen. Du må oppgi ein utdanningskategori når du søker. For å få utbetalt stipend og studielån må du ha betalt semesteravgift og fullført semesterregistreringa.

6. Bli kjend med studieplan og pensum

Gjer deg kjent med studieplan og pensumliste for studiet ditt. Det kan vere lurt å vente til studiestart med å kjøpe bøker, då det kan bli endringar.

7. Sjekk viktige informasjonskanalar

Få oversikt over dei ulike informasjonskanalene du skal bruke som student: Studentweb, læringsplattformen Canvas, student e-post og For studentar på hvl.no.

8. Treng du tilrettelegging eller nokon å snakke med?

Har du lese- og skrivevanskar, ei funksjonsnedsetting, sjukdom, skade eller anna som gjer at du treng tilrettelegging i undervisning, i praksis eller under eksamen? Sjå kva type tilrettelegging du kan få.

Som student kan du få studierettleiing hos studiekonsulentane våre. På Karrieresenteret kan du få karriererettleiing. På campus Førde, Haugesund, Stord og Sogndal har vi også studentrådgivarar du kan snakke med om personlege og private forhold i livs- og studiesituasjonen din.  Les om dei ulike rettleiingstenestene.

9. Sjekk timeplan og tid for oppmøte

10. Overnatting

I samlingsvekene bur studentane i Sogndal eller omegn. Studentorganisasjonen SAMAN formidlar hyblar dersom dei har noko ledig. Bustadkonsulent SAMAN Sogndal: Bjarne Gjermundstad.

På den private marknaden er det ulike moglegheiter for overnatting i hytter, på campingplassar eller hotell i eller nær Sogndal.