Teikne med tråd - Festspillene i Bergen (fib.no)

Campus Sogndal, ved volleyballbana mellom Høgskulebygget og Bragebygget
Time icon
Når:31. mai   12:00
Varer til: 14:30
Legg til i min kalender

På Sogndal campus kan dei minste leike seg med fargerike trådar, former og fasongar i ein aktivitet som kan minne om broderi og teikning. 

Teikne med tråd tek utgangspunkt i Rakel Elice Huglen sitt kunstnariske utviklingsarbeid ved HVL som handlar om barns estetiske prosessar i forming. 

Bli med og tre tråd igjennom holromma på ei stor felles flate, med mange fargar å velje mellom og tråd laga av resirkulert materiale. Ingen forkunnskapar eller medbrakt utstyr krevjast.