Tettstadvandring i Sogndalsfjøra

Sogndalsfjøra
Time icon
Når:26. september   15:45
Varer til: 17:00
Legg til i min kalender

Har Sogndalsfjøra blitt ein grønare tettstad dei siste tiåra? Kva har vi mista, og kva har vi fått? 

Bli med forskar Inger Auestad frå HVL og plankoordinator Markus Mohn Werner i Sogndal kommune på vandring mellom småhus, høghus, byggeplassar og frukthagar i Fjøra med blikk på endringar, fortetting og berekraft.

Vandringa byggjer på forsking utført av Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet gjennom prosjektet Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround).

Dato: Måndag 26. september 
Start: 15:45
Slutt: ca. 17:00

Stad: Oppmøte utanfor Quality Sogndal Hotel

Alle kan delta - inga påmelding.

 

Forskingsdagane 2022

Dette arrangementet inngår i Forskingsdagane 2022, der vi inviterer deg til å møte forskarar på campusane våre og andre arenaer. Forskingsfestivalen er frå 21. september til og med 2. oktober. Utforsk resten av programmet.