Talentsenter i realfag på Stord
Stord, biblioteket
Velkommen til faglunsj med Kai Håkon Sunde og Lisa Hasholt Fosse frå Talentsenter i realfag på VilVite. Hausten 2024 starta dei opp ein satellitt av Talentsenter i realfag med ei gruppe 7. trinns-elevar frå Sunnhordland her på Rommetveit. Kom og høyr kvifor dei er her. Kva vil det seie å ha talent i realfag? Og kva samarbeidsmoglegheiter og positive ringverknader kan oppstå mellom HVL, lokalt næringsliv og Talentsenter i realfag?