
Workshop om teknologi for framtidig frukt og bærproduksjon
Framsteg i robotikk, stordata, samt plantevitskap og teknologi, kan bidra til å skape betre dyrkingssystem for frukt- og bærproduksjon.Vestlandet ligg langt framme i frukt- og bærproduksjon nasjonalt med sine
regionspesifikke fortrinn – men har og nokre utfordringar.
Vi ser for oss at den neste jordbruksrevolusjonen vil ha integrerte sensor- og aktueringssystem med ulik grad av autonomi, som informerer, supplerer og arbeider saman med menneskeleg arbeidskraft. Desse systema vil gje fordelar i form av redusert miljøpåverknad, betre kvalitetskontroll, lågare lønnskostnader, redusert produksjonsavfall og meir
effektive verdikjeder.
For å utforske dagens status for slike teknologiar, og spesielt relevansen for Vestlandsdyrkarar, ønskjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) og
Vestlandsforsking i samarbeid med lokal industri, deg velkommen til å vere med på ein to-dagars workshop i Leikanger og Lærdal.
Workshopen er organisert gjennom Teknoløft Sogn og Fjordane.
Påmeldingsfrist: 17. mai 2022.
Program
24. mai: Leikanger (Fylkeshuset)
- 11:00:Lunsj
- 11:45 - 15:00: Presentasjonar and diskusjonar med:
Anita Sønsteby (Nibio), João Valente (Wageningen University), Fieldwork Robotics, Agdir, Sogn Frukt og Grønt, PicknCarry, Njøs frukt- og bærsenter, Farmable
- 15:00 - 17:00: Opning av RoboVest testanlegg, Njøs frukt- og bærsenter
- 17:00 Middag
25. mai: Lærdal (Sogn Frukt og Grønt)
10:00 - 15:00 Besøk til dyrkarar og pakkeri, Sogn Frukt og Grønt.
Dialog og idédugnad.