Idrett/Kroppsøving

Årsstudium Hausten 2020

Vil du jobbe med kroppsøving i skulen eller med idrett? Kroppsøving, friluftsliv, ulike idrettar, motorikk, dans og leik er nokre av tema i dette praktisk retta årsstudiet i idrett/kroppsøving.

Studiet er retta inn mot grunnskulen, og gir deg, saman med anna lærarutdanning, kompetanse til å undervise i kroppsøving. Fagdidaktikk blir vektlagt i heile studiet.

Du lærer korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitetar i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettar.

Gjennom studiet lærer du om:

  • læring, vekst og utvikling
  • kropp og trening
  • idrett og helse
  • kropp, kultur og samfunn
  • leik, ballspel, friluftsliv, ski, dans, symjing, livberging og andre bevegelsesaktivitetar

Undervisningsmåtar

Mykje av undervisinga er praktisk retta, med vekt på utprøving av ulike bevegelsesaktivitetar og idrettar. Friluftslivsturar er også ein del av studiet. Undervisinga blir mellom anna lagt opp som seminar, forelesingar, prosjektarbeid, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Praksis

Du har 14 dagar praksis i grunnskule og vidaregåande skule. I tillegg har du idrettspraksis i eit idrettslag og er med og arrangerer aktivitetsdag på campus for menneske med funksjonsnedsettingar.

Vil du studere meir?

Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på desse bachelorutdanningane ved HVL:

Du søker optak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

Etter endt bachelorgrad kan du søke deg vidare på årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (karakterkrav C) og bli kvalifisert for å undervise frå 5.- til 13. trinn.