Kulturuka på Stord

Måndag 21.−fredag 25. oktober

Utstillinga "mellom" i Vrimlearealet/tidlegare bokhandel.

Kunstprosjektet mellom var eit samarbeidsprosjekt mellom to høgskulelektorar og fem ungdomskulelærarar i kunst og handverk. Prosjektet hadde fokus på sosial samhandling og medskaping i estetiske prosessar med grafiske formuttrykk. Samarbeidet resulterte i ei utstilling/ installasjon av prosess og formuttrykk - som var ein del av sideprogrammet under HIT (Haugesund Internasjonale Tresnitt )- og AVTRYKK-festivalen i mai 2019.

Katrine Borgenvik og Charlotte Tvedte stillar ut eit utdrag i frå denne installasjonen i Vrimlearealet/ uterom, campus Stord.

Torsdag 24. oktober

Kl. 12.00: Konsert med bandet Klingenberg

Bandet består av faglærarar i musikk på campus Stord: Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes (vokal), Jonas Selås Olsen (gitar), Åsmund Espeland (gitar) og Frode Hammersland (bass) Stad: Trappeamfiet. 

Kl. 13.00-15.00: Paneldebatt

Paneldebatt om den nye strategien til Regjeringa om praktisk og estetisk innhald i barnehage, skule og lærarutdanning. Professor Kari Holdhus innleier, og debatten blir leia av professor Magne Espeland.

I panelet:

  • Anne Lene Østvold Jordåen, rektor Stord kulturskule
  • Britt Kristin Ladehaug, rektor Rommetveit skule
  • Vigdis Vangsnes, forskingsprogramleiar HVL
  • Erik Lothe Jørgensen, masterstudent i musikk

Stad: UND161. Debatten kan også følgjast via strøyming.