Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Bachelor, hausten 2018

Er du nysgjerrig på naturen og har lyst til å påverke korleis landskap og byrom blir utforma? Med ein bachelor i landskapsplanlegging kan du vere med på å gjere byane grønare, og planlegge og vurdere inngrep i landskapet. Du studerer i vakker vestlandsnatur, i eit fagmiljø som er blant dei fremste i landet.

Dette er ei tverrfagleg utdanning som kombinerer planleggingsrelevante naturfaglege emne med yrkesretta planleggings- og forvaltningsemne, inkludert landskapsarkitekturfag.

Du lærer å

  • sjå kulturlandskap, naturfag og forvaltning i samanheng med planlegging etter Plan- og bygningslova
  • vurdere visuelle og økologiske konsekvensar av ulike inngrep i naturen
  • utføre statistiske analysar og landskapsanalysar
  • bruke elektroniske planleggingsverktøy

Vi er tett på bre, fjell og fjord, og brukar naturen som klasserom gjennom ekskursjonar og feltarbeid.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, ekskursjonar, labøvingar, feltarbeid og prosjektarbeid. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før vi begynner på neste emne.

Kva kan du jobbe med?

  • Planleggarstillingar i kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder som til dømes Statens vegvesen.
  • Du kan jobbe innanfor arealplanlegging, landskapspleie og forvaltning av natur- og kulturmiljø.
  • Du kan jobbe både i offentleg og privat sektor.

Vil du studere meir?

Du kan bygge på bacheloren din med Master in Climate Change Management.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. semester.

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!