Deltidsjobb som studentassistent ved Læringslab: Bergen, Sogndal og Stord
Vi er på jakt etter deg som er 2. og 3.årsstudent på bachelor eller masterstudent frå hausten 2022 og som interesserer deg for teknologi i læring og undervisning og for medieproduksjon.
Om jobben
Som studentassistent er du vertskap ved Læringslab i K2 på ettermiddagstid i haustsemesteret og er med på å sikre eit utvida tilbod der til tilsette og studentar. Dette inneberer mellom anna å vere vertskap i lokalet og å drive utlån av ulike formar for teknologi og medieproduksjonsutstyr. Du vil få opplæring i dei ulike teknologiane og medieproduksjonsutstyret som finnes i laben og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer deg opp undervegs.
Arbeidsoppgåver
- Brukarstøtte og rådgjeving i Læringslab
- Booking av rom og utstyr til utlån
- Lading, oppgradering og nullstilling av utstyr og rom
- Vere vertskap ved arrangement og eventer
- Arrangere eventer i Læringslab
Arbeidstid, løn og attest
Jobben er timeløna (inkludert 10 timer opplæring) og du arbeider 4- 6 timer per veke, og får 10 timar til opplæring. Utbetaling vert gjort ved at du skriv timelister. Det kan bli aktuelt å forlenge engasjementet. Du får attest frå HVL etter fullført jobb.
- Studentassistenter i HVL er lønnet i stillingskode 1429 – Aspirant.
- Studentassistent uten fullført grad blir lønnet ltr. 25, som utgjør kr. 170,60 pr. time.
- Studentassistent med påbegynt bachelorgrad blir lønnet i ltr 35, som utgjør kr. 191,20 pr. time
- Studentassistent med påbegynt mastergrad blir lønnet i ltr 42, som utgjør kr. 209,- pr. time
Forventningar til deg
- Du har lyst til og er motivert til å arbeide med teknologi og formidling
- Du evner å lære deg ny teknologi
- Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre
- Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere
- Konkrete arbeidsoppgåver vert avtala med personalet i Læringslab og nærmaste leiar
Endelieg søknadsfrist er 22. august 2022, men vi vurderer søknader fortløpande frå 8. august 2022.
Søknad med CV og motivasjonsbrev sender du til laeringslab@hvl.no.
Søknaden vert handsama av leiar Sigrid Jordal Havre. Spørsmål om stillinga rettast til kontaktperson ved din campus:
Bergen: Xavier Paul Bonete / Kaspar Strømme
Stord: Inga Lise Almås
Sogndal: Torkjell Venjum
Generelle spørsmål kan rettast seksjonssjef Sigrid Jordal Havre.