Fadderansvarleg og fadderkomité ved campus Førde i 2020

Ønsker du å gi dei nye studentane hausten 2020 og våren 2021 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv, og vera med å skapa engasjement i studentmiljøet?

Fadderansvarleg

Som fadderansvarleg har du ansvar for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med fadderkomiteen, høgskulen, studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.

Fadderansvarleg har det overordna ansvaret for rekruttering av nye fadrar til studiestart i august og januar, samkøyring av fadderprogrammet og produksjon av informasjonsheftet frå studentorganisasjonane, som skal sendast ut til dei som får tilbod om studieplass i juli. Du skal også vere kontaktperson for fadderveka og fadderkomiteen, og delta i koordineringsmøta for studiestart.

Stillinga som fadderansvarleg er eit engasjement lønna med 50 timar (l.tr. 26). I tillegg får du attest frå høgskulen, og godar gjennom Studentsamfunnet i Førde.

Søknadsfrist: 15. mars 2020.

Fadderkomité

Fadderkomiteen består av to studentar. Desse er med på planlegging og gjennomføring av faddervekene. Dette inneberer alt frå planlegging av, og ansvar for, dag- og kveldsaktivitetar, i tillegg til sjølve rekrutteringa av alle fadrane både i vår- og haustsemesteret.

Fadderkomiteen får ein motivasjonspott frå høgskulen på 5000,-, i tillegg til attest og godar gjennom Studentsamfunnet i Førde.

Søknadsfrist: 15. mars 2020.

Søknad sender du på e-post til: styreleiar@akutten.no

Meir informasjon om stillingane får du ved å kontakte aase.neraas@hvl.no eller styreleiar@akutten.no.