Fadderansvarleg og nestleiar ved campus Sogndal i 2020

Ønsker du å gi dei nye studentane hausten 2020 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv, og vera med å skapa engasjement i studentmiljøet?

Arbeidsoppgåver

Fadderansvarleg og nestleiar har ansvaret for planlegging, gjennomføring og evaluering av faddervekene i eit tett samarbeid med fadderkomiteen, høgskulen, studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane. 

De har det overordna ansvaret for rekruttering av nye fadrar til studiestart i august, samkøyring av fadderprogrammet og produksjon av informasjonsheftet frå studentorganisasjonane, som skal sendast ut til dei som får tilbod om studieplass i juli. De er også kontaktpersonar for fadderveka og fadderkomiteen, og skal delta i koordineringsmøta for studiestart. 

Begge må vere i Sogndal veka før studiestart (veke 32).

  • Stillinga som fadderansvarleg er lønna med 86 timar (l.tr. 26). 
  • Stillinga som nestleiar er lønna med 54 timar (l.tr. 26).

I tillegg får de attest frå høgskulen, og godar gjennom Studenthuset Meieriet.

Søknadsfrist: 23. februar 2020.

Søknad sender du på e-post til: nestleiar@meieriet.no

Meir informasjon om stillingane får du ved å kontakte aase.neraas@hvl.no eller nestleiar@meieriet.no.

Arbeidsoppgåver:
Fadderansvarleg og nestleiar har ansvaret for planlegging, gjennomføring og evaluering av faddervekene i eit tett samarbeid med fadderkomiteen, høgskulen, studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.

De har det overordna ansvaret for rekruttering av nye fadrar til studiestart i august, samkøyring av fadderprogrammet og produksjon av informasjonsheftet frå studentorganisasjonane, som skal sendast ut til dei som får tilbod om studieplass i juli. De er også kontaktpersonar for fadderveka og fadderkomiteen, og skal delta i koordineringsmøta for studiestart.

Begge må vere i Sogndal veka før studiestart (veke 32).

Stillinga som fadderansvarleg er lønna med 86 timar (l.tr. 26).
Stillinga som nestleiar er lønna med 54 timar (l.tr. 26).

I tillegg får de attest frå høgskulen, og godar gjennom Studenthuset Meieriet.

Søknadsfrist: 23. februar 2020