Skriverettleiar i Sogndal

Er du student og har fullført 3 år i utdanninga di? Skrivesenteret HVL treng nye skriverettleiarar for tilbodet Skrivehalvtimen frå hausten 2021

Skrivesenteret HVL treng to skriverettleiarar i Sogndal for tilbodet Skrivehalvtimen hausten 2021. Skrivehalvtimen er eit individuelt tilbod om skriverettleiing for alle studentar ved HVL som ønsker tilbakemelding på skriveprosess og eigen tekst. Tilbodet erstattar ikkje fagleg rettleiing.  

Søkjar må vere student ved HVL og bør ha fullført 3. år i utdanninga si, eller ha starta på master. Det er viktig at du meistrar og likar arbeid med tekst og oppgåveskriving. Du vil få opplæring i skriverettleiing ved oppstart i stillinga, og me ønskjer å gjere deg trygg på kva som kjenneteiknar ein god skriveprosess, korleis komme i gong med oppgåveskriving, struktur i tekst, gode informasjonssøk, korleis rettleie studentar i skriveprosessar og ulike studentar sine behov for rettleiing, mellom anna studentar med norsk som andrespråk.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing i akademisk skriving og skriveprosess
  • Administrere og avtale rettleiingstimar
  • Delta i møter med Skrivesenteret
  • Marknadsføring og synleggjering av Skrivesenteret
  • Delta på Skrivefestival på campus
  • Arrangere skriveaktivitetar på campus

Arbeidsstad er campus, men studentar kan velje å bestille digital rettleiing.

Skriverettleiarar kan rekne med å jobbe rundt 5 timar i veka frå oktober 2021 til midten av desember. Søkjarar som også kan jobbe vår 2022 vil bli prioritert.
Løn i ltr 35, ca 185 kroner i timen. Opplæringa er lønna.

Søknad med CV og motivasjonsbrev for stillinga kan sendast einingsleiar for studiestøtte Gunhild Austrheim, gau@hvl.no innan 15. oktober 2021, ta gjerne kontakt med Inger Marie Vik, imv@hvl.no om du vil vite meir om stillinga.


Sjå også utlysing av stilling som studentassistent på språkverkstad. Dersom det er aktuelt vil me vurdere å tilsette same person i begge stillingane.