Gruppebilde av glade studentar.

Studentambassadørutlysing for studieåret 2021/2022

Er du utadvendt, engasjert og likar å formidle? Vil du hjelpe elevar med å gjere eit godt studieval? Då vil vi gjerne ha deg med på laget som studentambassadør!

Som studentambassadør er du høgskulen sitt ansikt i møte med potensielle studentar. Stillinga er ei lønna deltidsstilling som passar fint ved sida av studia.

Kva oppgåver har ein studentambassadør?

  • Halde presentasjonar på fysiske og digitale skulebesøk
  • Ha takeover på HVL sin Instagramprofil
  • Bidra med diverse innhald til våre sosiale medium-kanalar
  • Besvare chat på hvl.no i søknadsperioden 1. februar – 15. april
  • Delta på diverse arrangement, som Open dag og utdanningsmesser
  • Andre arbeidsoppgåver kan også bli aktuelle

Opplæring blir gjennomført i oktober.

Gjennomføring av Open dag skal etter planen gjennomførast fysisk på kvar campus i tidsrommet november (2021) – februar (2022).

Dei digitale og fysiske skulebesøka blir arrangert i januar – februar 2022. Dersom det blir aktuelt med reising, får du dekka alle reise- og hotellutgifter i tillegg til lønn. Vi tar omsyn til praksis og obligatorisk undervisning.

Merk at det kan bli nødvendig å gjere endringar i arbeidsoppgåver og/eller arbeidsmåtar, som følgje av koronasituasjonen og smitteverntiltak. HVL følgjer situasjonen tett, og held seg til Folkehelseinstituttet og myndigheitene sine råd til ei kvar tid.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som

  • er komfortabel med å snakke med folk, også for forsamlingar.
  • er sosial, kreativ, positiv, løysingsorientert og pliktoppfyllande.
  • likar å jobbe saman med andre.
  • har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.

Du får

  • gode venner
  • lære presentasjonsteknikk
  • nyttig arbeidserfaring
  • lønn (lønnstrinn 26, som utgjer 172,8 kr/timen)
  • attest frå HVL.

Slik søker du

Dette må du ha med i søknaden:

  • Namn, alder, telefonnummer
  • Studium og studiestad
  • Kor du er frå
  • Kvifor du søker på stillinga
  • Litt om deg sjølv og kvifor du valde HVL
  • Eventuelle erfaringar/verv
  • Om du har sertifikat, klasse B

Aktuelle søkarar blir kalla inn til digitalt intervju i september. Dei som får tilbod om stilling gjennomfører obligatorisk opplæring i oktober.

Send søknad innan torsdag 2. september til Silje.Kathrine.Hoyland@hvl.no

Har du spørsmål? Kontakt Silje Kathrine Høyland på e-post Silje.Kathrine.Hoyland@hvl.no eller ring 55 58 70 38.